OM JOSTEDALSBREEN NASJONALPARK

Jostedalsbreen nasjonalpark dekkjer eit område på 1315 kvadratkilometer mellom to av verdas lengste fjordar, Sognefjorden og Nordfjord. Sjølve breen er den største isbreen på fastlandet i Europa. Nasjonalparken inneheld i tillegg mange andre mindre brear, og heile området er særmerkt av store kontrastar over korte avstandar. Frå fjordar og frodige stølsdalar, til karrige fjell- og breområde. Sprudlande bekkar, elver og fossar i fjellsidene og dalane kjenneteiknar området. Nasjonalparken er eit av dei største områda med villmark som er att i Sør-Noreg. Jostedalsbreen vert nytta til friluftsliv, undervisning og forsking, og i dalane kring breen er det eit aktivt jordbruk.

Kvifor vern?

Føremålet med Jostedalsbreen nasjonalpark er å verne eit stort, variert og verdifullt breområde med tilhøyrande område. Vernet omfattar naturen frå lågland til høgfjell, med plante- og dyreliv, og geologi i naturleg eller i det vesentlege naturleg tilstand. Samstundes omfattar vernet kulturminner og kulturlandskap. Nasjonalparken skal gje høve til naturopplevingar gjennom utøving av tradisjonelt friluftsliv som er lite avhengig av teknisk tilrettelegging.

 

Besøk eit av våre tre autoriserte nasjonalparksenter for å lære meir! Nettsidene til sentera finn de under. 

 

Velkommen inn!

Norsk Bremuseum

Fjærland

Breheimsenteret Jostedalen

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

Stryn

  • Facebook - svarte sirkelen
  • Instagram - svarte sirkelen